tirsdag 13. desember 2016

Stopp!

Du hastar forbi
ser på meg, smiler

Eit slikt
"Å - eg skulle så gjerne
ha stoppa"-smil

Visst forstår eg
eg som sit her

ventar

ikkje akkurat
på jula

Eg ventar
på noko som
ingen anar kva er

Eg kan ikkje
laste deg
du har så mange ...

Og, presangene
som dei snart
kjem med no ...

Kva om dei hadde
gitt meg litt meir
av si eiga tid?

Eg veit
av erfaring
at når eg er borte
seier dei

"Vi skulle ha spurt
henne om dette
ho hadde nok visst"

Så STOPP
før der er

for seint.

Rune Olstad