søndag 14. februar 2016

Gjesteinnlegg fra en som har skrevet dikt for oss.

Hei, eg heiter Rune Olstad.

Trine har spurt meg om å skrive eit gjesteinnlegg i bloggen. Eg ser på det som ei ære. Som så mange andre, synes eg at engasjementet bak «Verdig eldreomsorg» er heilt fantastisk. Du burde vore lønna av staten Trine, på linje med diverse diktarar, musikarar m.m. ..
Eg er vel ikkje akkurat ein gamal mann, men eg nærmar meg 50 med stormskritt. Eg brukar av og til å seie til son min, som snart er 10: «Pappa byrjar no å bli gamal». Han svara meg ein gong følgjande «Om du blir 100, har du ikkje levd halve livet enno». Ja, så det er vel ein viss fare for at også eg kan kome i kategorien eldre ein gong.
Eg kan ikkje så mykje det å vere eldre. Det tenkjer eg må følast på kroppen først. Ja, eg merkar jo at eg ikkje er 20 lenger, men likevel.
Men, eg veit mykje om å føle seg tilsidesett, til overs, ja rett og slett føle seg som ein tapar. Eg har vore ute av arbeidslivet nokre år no. Eg har slite, og slit med angst. Eg får litt trygd frå staten, slik at eg skal kunne betale alle avgiftene dei pålegg meg.
Vert du sjuk, så har du 1 år på deg til å kome deg tilbake til arbeid, elles … Så plutseleg sat eg der med 10 000,- mindre utbetalt pr.mnd. Det er jo litt dramatisk det då. Det første som rauk var huset. Økonomien vert berre verre og verre, og det er svært lite hjelp å få. Alle skal ha sitt. Eg vil påstå at eg unner meg svært lite, og likevel sit eg igjen med ingenting. Kvifor kunne vi ikkje fått t.d. 3 år på oss.
Eg føler at eg absolutt ikkje vert behandla med verdigheit. Difor, føler eg at eg kan samanlikne meg litt med dei eldre. Nokre av dei, har ikkje ein gong ei hand å halde i når livet er i ferd med å ebbe ut. Trist synes eg, og ikkje minst uverdig.





Ser du ikkje
at eg er redd
ser du ikkje
at eg strekkjer meg
etter handa di

Ser du ikkje
dei halvtørre
tårene mine
kor dei renn og renn

Ser du meg ikkje?

Jau visst ser eg
at du ser meg

Eg ser kor
fortvila du er
der du snur deg bort

Så tørkar vi tårer i kor vi to.






Elles så skriv eg ein del, og det er god hjelp. Mest dikt. Det har eg drive med i mange år. Til og med utgitt 6 diktsamlingar. Dei to siste er dei beste. Dei har eg liggjande fleire av. Eg har skrive dikt under pseudonym. Ikkje fordi at eg har noko å skjule, men for at det rett og slett vart slik.
Elles har eg prøvd meg på ein kortroman òg. Eg har ikkje tolmodigheit til slikt kjenner eg, så det vert nok mest dikt heretter.
Det er sjølvsagt mulig å få kjøpt ei bok, om du er interessert.
Personleg trur eg at politikarar, familie, naboar m.fl. må få opp augene for at det er tid som er nøkkelen. Tid, og det å bli sett. Vi må ta oss tid til kvarandre, og kanskje spesielt til dei som er på veg ut av tida. Kva har dei ikkje gitt oss? Mange av dei krev ikkje noko som helst. Dei ser seg sjølv som ei belastning for samfunnet. Vi må prøve å snu dette. Kva kan vel ikkje dei eldre lære oss, om vi berre tok oss tid til å lytte. Dei har noko, som ikkje kjem med vinden, eller som du finn på facebook. Dei har visdom.

Eg vil avslutte med eit dikt av Jan Erik Vold:

TA VARE
på vennene ta VARE
på vennligheten, vis gjerne
litt selv om du kan, dagen er blå
og dagen er grønn,
dagen er hvit - det er ikke annet
enn livet det her, vi er alle borte - nå
eller om litt, take it easy menneske
but take it, det er ikke
annet enn virkelighet
vet du, snart er 101 inne snart
er 101 ute - jeg sier:
vennlighet varer lenger, ta VARE
på vennligheten, ta VARE
på vennene - HEI HEI! ta nå
vare på hverandre.