onsdag 9. oktober 2019

Vakker og god

Han satt der og så på henne
og tenkte så rare ord.
Så våga han til å seia:
"Du er så vakker du bestemor!"

"Å nei", svara bestemor
med ein sukk.!
"Du kan ikkje seia
at eg er vakker,
som er berre skrukk-i-skrukk!"

Da såg han ho inn i augo
og tagde still
Men tenkte med seg:
"Det finst ingen annan,
som er så snill".

Sidan møtte han livet --
Det både gret og lo.
Møtte med varme og kulde,
som smeikte han, eller slo.
Det gav han ei visse:
At vakker,
er berre den
som er god.

Jan Magnus Bruheim