tirsdag 29. november 2016

Songen til deg

du som sit åleine
med skrukkete hender
kvilande i ditt fang

Dei har gjort sitt no
du har innsett det
og det gjer
langt i frå godt

Tårer renn
på vegar
skapt av visdom

Skammen er der
som den alltid har vore

aldri kjende du deg
god nok
alltid var det noko
som kunne ...

Så sit du der
på kanten
av ditt eige liv

liten, redd og åleine

om nokon
berre kunne ...

Rune Olstad