lørdag 14. oktober 2017


Vi treng

alle litt
omsorg

både ung og gamal

politikarane
trur dette er noko
som går over

med alderen

Nei, behovet
for omsorg
veks vi ikkje av oss

Kva kostar eit
lite smil
eit nikk
eit venleg ord

Vi gøymer oss
bak ein travel kvardag

men om litt
er det kanskje du
som ser andre

gå forbi.