onsdag 8. februar 2017

Tilegna Charles og Gunvor

Så unge dei var,
satte bo,
møtte livet og dagane -
kjærleik og glede,
tårar og sorg,

kverdag og fest.
Dag etter dag,
år etter år.

Det hende at
dei ikkje var sams
om alt,
at døra kunne smelle igjen,
men dei vart venar att

ein klem, 
eit kyss
kaffien og brødet,

og åra gjekk videre.

Dei vart gamle.
Helsa svikta.

Dei ville vera saman,
slik dei alltid hadde møtt kver dag.

Slik ville dei møte
dei siste dagane -
saman.

Nokon sa nei,
Nokon bak ei dør,
utan andlet,
dei sa nei.

"Ikkje nu meir",
sa dei.

Nu er dei dagane over,
nu skal ikkje han og ho
halde kverandres hand
dei siste timane....

Sa dei,
utan andlet,
bak ei dør

(inger e. solem)