lørdag 19. august 2017

Når du vert gamal

Kjære politikar
vil du då vere nøgd
med å bli fråteken
all verdigheit

Du har gjort ditt
og kanskje til og med
vore ein "føregangsmann"

Gledar du deg
til å bli gløymd

Hadde du ikkje
fortent ein betre lagnad
etter alt du har gjort

Kva om nokon
tok seg tid
Kva om nokon
såg deg.

Du kan ikkje klage
på politikarane då

Tenk litt no
før du grev

di eiga grav.

(Rune Olstad)