mandag 17. oktober 2016

Liv

Har ein ikkje
rett til eit liv
så lenge
hjarta slår?

Ingen burde
sitte åleine 
heile tida

anten ein er
ung eller gamal

Tenk om dei
slo seg i lag 
desse to

Kva har vel
ikkje den gamle
av visdom

og den unge
av livsmot

For eit team ...

Rune Olstad