onsdag 19. oktober 2016

Kvifor

Kvifor
solar så mange seg
i glansen av andre
si ulykke?

Kvifor
kan vi ikkje tåle
at andre
får det til?

Kvifor
går vi ikkje inn
dører som står
meir enn på gløtt?

Kvifor
let vi dei gamle
berre sitte der
å vente på og døy?

Kvifor
kan vi ikkje
ta oss litt meir
av kvarandre
du og eg?

Kan det
rett og slett vere
at vår eigen
store skugge

står i vegen for alt!


Rune Olstad