Kunne du stoppe
og seie "Hei" ein dag
kanskje kunne vi to
teke ein kaffikopp i lag
Hugs, eg har levd lenge
snart er det slutt
du har mange å pleie
på grunn av siste pengekutt
Gi no litt blaffen
stopp her hjå meg
eg har visdom nok
og gjerne litt å lære deg
Gi meg handa di
ikkje spring din veg
det er så mange andre
som ikkje lenger bryr seg
Eg ser du er sliten
du treng ein liten kvil
vi har det tøft begge to
det er ingen tvil
Vi er mange om beinet
vi gamle i dag
men kanskje det beste er
å dra lasset i lag.
(Rune Olstad)