onsdag 18. februar 2015

Mot høgda


Det vandrar ei kvinne mot høgda.
Hennar hovud når opp mellom drivande sommarskyer
og hennar fot vassar naken gjennom kaldt vatn.

Det er eit gammalt menneske
som kjenner hastars hovtramp
og kyrs raut i sommarnatta.                             
Ho leitar etter sin ungdom
som ho miste her oppe,
og sine beste år
som ho glad strødde ut                                     
ved stølvatnet mellom tindane.

Som ein svevgangar stig ho opp
mellom dei tagale tindar,
det store kvite, kvite hår går i eit med skyene
og den mørke lekamen rører seg mellom sovande dyr.

Eit menneske vigt til liv
i randa mellom jord og himmel!
Nå vinkar hennar kvite hår
si avskilshelsing til menneskja
djupt der nede i dalen.

Marie Takvam