onsdag 21. september 2016

Du og eg

Du og eg,

Alltid saman -
Vi to,
 i  gode dagar,
 i dagar
kor det butta mot.

Vi lo, vi gret,  vi satte bo
og såg ungar vekse opp.
Fekk sjå at slekta
følger sletas gang

Så endre det seg –
Sakte fyrst…
Navn som bei  borte,
Anled som ikkje passa med
dei nava du ikkje  huska,
Kaffen vart attgløymt på kokeplata,

Så ein dag fant du ikkje
vegen heim igjen etter at du
gjekk ein tur.
Og du trudde eg va bror din.


Då visste deg,
At du reiste frå meg.
Du reiste åt landet kor
 berre du har adgang,

Vi andre, vi som du elska
Og som elska deg igjen,
vi står  ved  grensestolpen og
får berre små gløtt av deg av og til,

Vi saknar deg
Du gret, du er sint. Du vil heim-
Ikkje til VÅR heim,
Men  du vil dit var der du var born.

Vi klemmer deg, stryk deg over håret,
Syng små sangar saman med deg,
Då smilar du eit augeblikk,
Nynnar med…
Før du går….
Du og eg,

Saman i mine tankar,… i all eva

(inger e solem)