søndag 13. desember 2015

Ingen har tid

Dei gjer nok
så godt dei kan
dei som jobbar her

Du sit og gret
på venterommet
til det ingen veit
noko om

Det er nok
ikkje lenge no
tenkjer du

Du er redd
skulle så gjerne hatt

Ja, om ikkje anna
enn ei hand
å halde i

Dei smiler til deg
eit fortvila
"Eg skulle så gjerne"-smil
i det dei hastar vidare.

Når dagen er omme
er det kanskje

ikkje berre du som gret.


Rune Olstad